Kva kan eit mineralprosjekt bety for eit lokalsamfunn?

Ei ny analyse frå BDO viser at etableringa av Engebø Rutile and Garnet (ERG) i Sunnfjord allereie har skapt store ringverknader – både økonomisk og sosialt. Analysen er gjennomført på oppdrag frå Sunnfjord Utvikling, og gir eit godt bilete av kva eit mineralprosjekt kan bidra med i ein etablerings- og oppstartsfase.

Betydelige ringverknader frå etableringsfasen

I perioden 2021–2025 har aktiviteten rundt utbygginga av anlegget på Engebø utløyst:

  • 1,8 milliardar kroner i indirekte verdiskaping
  • 455 millionar kroner til næringslivet i Sunnfjord

Ein viktig faktor har vore tett samarbeid med lokale leverandørar, som har bidrege til å styrkje både kompetanse og kapasitet i regionen.

Effektar kjem tidleg – også før full drift

Sjølv i det første driftsåret (2025), prega av oppstart og tekniske justeringar, viser analysen:

  • 200 millionar kroner i indirekte verdiskaping

Dette illustrerer at ringverknader frå slike prosjekt ikkje berre kjem på sikt, men også tidleg i utviklingsløpet.

Arbeidsplassar og kompetanse

Etableringa av Engebø-prosjektet har også hatt stor betyding for sysselsetjing:

  • 1 400 indirekte årsverk i etableringsfasen
  • Kvart direkte årsverk skaper 1,8 indirekte årsverk nasjonalt

I tillegg kjem effektar som tilflytting, lærlingplassar, samarbeid med utdanningsmiljø og utvikling av ny kompetanse i regionen.

Kva betyr dette for Kvinnherad?

For oss som jobbar med Nordic Quartz, gir erfaringane frå Engebø eit nyttig bakteppe.

Kvart prosjekt er unikt, og Nordic Quartz vil vere annleis, i omfang og utvikling. Samtidig viser analysen at mineralprosjekt kan bidra med meir enn berre eigen drift:

  • aktivitet for lokale leverandørar
  • utvikling av kompetanse og arbeidsplassar
  • samarbeid på tvers av industri og fagmiljø

Dette er perspektiv vi tek med oss vidare i arbeidet med prosjektet i Kvinnherad.

Eit kunnskapsgrunnlag for vidare utvikling

Ringverknadsanalysen gir ikkje svar på kva Nordic Quartz vil bli, men den viser kva som er mogleg når ein lukkast med utvikling og drift av mineralprosjekt over tid.

Det gir eit viktig kunnskapsgrunnlag, både for oss og for lokalsamfunnet rundt.

Vil du gå djupare inn i tala og analysane? Klikk her for å lese rapporten.