Vi er i gang med neste fase i utviklinga av Nordic Quartz-prosjektet i Kvinnherad.
Etter vellukka pilotforsøk og fleire viktige milepælar, har vi no etablert eit eige prosjektteam som jobbar vidare med å utvikle førekomsten. Samstundes førebur vi dei neste stega i prosjektet, inkludert vidare undersøkingar og dialog med potensielle kundar og samarbeidspartnarar.
Testresultata så langt er lovande. Dei viser at kvartsen frå Kvinnherad kan foredlast til svært høg reinheit. Noko som krevast ved bruk i teknologi som halvleiarar, solenergi og annan avansert industri.
Sjå video frå prosjektet her:
—Å utvikle eit nytt mineralprosjekt tek tid og krev mykje arbeid. Erfaringane vi har med oss frå Engebø gir oss eit godt utgangspunkt for å ta dette vidare. Resultata vi ser no, bekreftar at Kvinnherad kan bli ei viktig kjelde til høgverdig kvarts, seier Finn Ivar Marum, konsernsjef i Nordic Mining.
Samtidig held Nordic Mining fokus på drifta ved Engebø. Nordic Quartz blir utvikla steg for steg, og i takt med resten av selskapet.
Dette er starten på noko som kan bli eit viktig bidrag til framtidas teknologi, og ei ny satsing for Nordic Mining.
