Vestland fylkeskommune går inn med støtte til Hub for Minerals, eit treårig samarbeid for betre ressursutnytting, sirkulærøkonomi og utvikling av nye verdikjeder innan mineralnæringa. Arbeidet tek utgangspunkt i erfaringar frå Engebø Rutile and Garnet, men kunnskapen og moglegheitene som blir utvikla vil også kunne bli relevante for framtidige mineralprosjekt i regionen, mellom anna for satsinga i Kvinnherad.
Eit løft for mineralnæringa i Vestland
Hub for Minerals er eit samarbeid mellom Nordic Mining si satsing på Engebø, Askvoll kommune, Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune, og er ein del av Grøn region Vestland.
Målet er å utvikle ny kunnskap om korleis mineralressursar kan utnyttast betre, både gjennom innovasjon, betre bruk av restmassar og utvikling av nye produkt og verdikjeder.
Dette handlar om å skape meir verdi frå ressursane, og samtidig redusere det som blir til overs.
Relevant også for satsinga i Kvinnherad
For Nordic Mining er dette arbeidet relevant langt utover dagens drift ved Engebø.
Vi arbeider også med satsinga i Kvinnherad, og erfaringar, metodikk, teknologi og ny kunnskap som blir utvikla gjennom Hub for Minerals vil bli viktige også her.
Hub for Minerals samarbeidet fokuserer på ressursforvaltning, meir sirkulær tenking og å finne nye måtar å skape verdi frå mineralressursar på, med mål om best mogleg utnytting av det vi hentar ut frå berget.
Bygger framtida steg for steg
Vestland har sterke mineralressursar og lange industrihistoriske tradisjonar. Samtidig er forventningane til korleis ressursane blir forvalta høgare enn nokon gong.
Hub for Minerals er ei konkret satsing på arbeid med å utvikle ei meir framtidsretta mineralnæring, der innovasjon, samarbeid og best mogleg ressursutnytting står sentralt.
For Nordic Mining er Hub for Minerals ei satsing som bistår oss i å fokusere på meir enn å berre hente ut ressursar. Det gir moglegheit til å bygge kunnskap, utvikle metodar og løysingar og legge grunnlag for framtidige satsingar, både på Engebø og i Kvinnherad.
Dette er Hub for Minerals
Hub for Minerals er eit samarbeid for å utvikle framtidas mineralnæring i Vestland, med mål om betre ressursutnytting, meir innovasjon og nye verdikjeder knytt til mineralressursar. Initiativet bygger vidare på ein felles ambisjon frå 2011 om å skape ei grøn og framtidsretta mineralnæring i regionen.
Hub for Minerals skal:
- utvikle ny kunnskap om mineralressursar
- finne betre bruk for restressursar og restmassar
- bidra til sirkulærøkonomi og industriell symbiose
- styrke samarbeid mellom industri, fagmiljø og offentlege aktørar
- legge grunnlag for nye arbeidsplassar og verdiskaping
