Om Nordic Quartz

Kvinnherad Quartz er eit prosjekt for utvinning av høgrein kvarts (High Purity Quartz – HPQ) på Vestlandet i Noreg. Førekomsten har gode dokumenterte eigenskapar, både geologisk og i testing, som gjer han godt eigna for bruk i avansert teknologi.

Prosjektet bygger på eksisterande infrastruktur, avtalar med grunneigarar og eit utviklingsopplegg med mål om låg miljøpåverknad.

Dette gir eit solid grunnlag for å utvikle Kvinnherad Quartz til ein truverdig og langsiktig leverandør i ein marknad som blir stadig viktigare.

Kvifor høgrein kvarts?

Høgrein kvarts er eit viktig råstoff i mellom anna halvleiarar (datachips) og solenergi. Her er krava til reinheit svært strenge.

Samtidig finnes det få naturlege førekomstar i verda som held høg nok kvalitet. Det gjer tilgangen avgrensa. Etterspurnaden aukar i takt med teknologisk utvikling og det grøne skiftet. Difor er det behov for stabile og pålitelege leveransar av høgrein kvarts.

Utviklingsmoglegheiter 

Prosjektet opnar for fleire måtar å utvikle verksemda på. Det kan til dømes vere levering av råkvarts til vidareforedling, samarbeid med industripartnarar eller eigen produksjon av ferdige produkt.

Denne fleksibiliteten gjer det mogleg å tilpasse utviklinga til marknaden og sikre best mogleg utnytting av ressursane.

Ressursgrunnlag

Kvinnherad Quartz er basert på eit mineralressursestimat utarbeidd etter internasjonale standardar (CRIRSCO). Estimatet omfattar om lag 4,3 millionar tonn, der rundt 2,9 millionar tonn er klassifisert som Indicated og om lag 1,3 millionar tonn som Inferred.

Gjennomsnittleg innhald av hydrotermal kvarts er rundt 65 %.

Testar i både laboratorium og pilotskala viser at materialet kan levere høgrein kvarts i Premium- og Advanced-kvalitet, eigna for bruk i mellom anna halvleiarar og solenergi.